Jeg skal forsøke å lese så mange som mulig av romanene som er nominert til prisen
jeg omtalte i dette innlegget før juryen begynner å diskutere: P2
lytternes romanpris 2021, de seks nominerte
«For ikkje så lenge sidan var det
ei dame som ringde på, og mamma kviskra at det var Jehovas vitne. Vi huka oss
ned under kjøkenvindauga, og eg var så redd for å røpe oss at eg heldt pusten.
Eg hadde sett bilen hennar stanse ute på tunet. Det var ein gammal bil som
bråka mykje, og eg fekk eit glimt av henne før ho kom bort til ytterdøra vår.
Håret hennar var lyst og krøllete, det var noko kjent med henne, men mamma drog
meg bort frå vindauga, kviskra at det var Jehovas vitne. Etter kvart høyrde vi
stega hennar utanfor, og plutseleg kvapp vi til då ho banka på vindauga. Hadde
ho sett oss? Ho ropte også eit eller anna, og eg tenkte at dette hadde ikkje
Jehovas vitne gjort før. Etter ei
stund gjekk ho, og eg såg ho sette
seg i bilen. Det var så vidt eg torde å kike ut gjennom den vesle sprekken i
gardinene i stuevindauget. Ho køyrde den raude bilen ut av tunet, men då
ho svinga ut på vegen, stoppa bilen. Som om ho stod der og såg bort på huset
vårt. Eg dukka ned igjen og heldt pusten, sjølv om ho var eit stykke unna,
sjølv om ho sat i bilen. Har ho køyrt? spurde mamma.
Eg rista på hovudet. Mamma sat
framleis på kjøkenet, på den same plassen. Så ringde telefonen og vi kvapp
igjen. Mamma såg mot telefonen, men Iét han berre ringe.
Kven er det som ringer? kviskra
eg.
Ingen, svara mamma. Eg kika ut igjen gjennom glipa i gardina og bilen stod der framleis. Og eg fekk plutseleg ei kjensle av at det var dama i bilen som ringde. At ho stod der borte på vegen og såg bort på huset vårt og ringde. Kva var det med Jehovas vitne? tenkte eg. Dei hadde kome så ofte hit den siste tida.»
Moren til Isak vet
selvsagt at det er barnevernet som ønsker å komme i kontakt med henne, mest sannsynlig på
grunn av bekymringsmeldinger barnevernet har mottatt. Moren ligger mesteparten
av dagen i senga på soverommet bak lukkede gardiner. Når hun kommer ned på
kjøkkenet ber hun Isak gå ut fordi hun trenger tid alene:
«Eg går ut av huset, lukkar døra
roleg. Mamma likar ikkje at det bråkar, ho får så vondt i musklane av det. Og
viss ho får vondt i musklane, så kan ho få hovudpine. Og viss ho får hovudpine,
må ho gå på rommet sitt og trekke gardinene for og ligge der i mørket i fleire
dagar. Då må det vere heilt stille. Eg må sitte i stua og sjå på tv utan lyd.
Men av og til kan det vere greitt at lyden er av. Spesielt når det er skyting
og slåsting. Å sjå på skyting og slåsting utan lyd går fint. Det gjer meg
ingenting. Heller ikkje at det er mykje blod.»
Noen dager krever
moren at han er hjemme fra skolen:
«Eg pakkar skulesekken. Men så
høyrer eg steg i trappa. Eg blir ståande ved kjøkenbordet og lytte. Skritta til
mamma kjem nærare og nærare, og snart opnar døra inn til kjøkenet seg.
Du må bli heime i dag, seier
mamma. Eg føler meg ikkje så bra. Er det greitt, guten min?
Eg slepper taket i sekken og
nikkar.
Så fint, guten min. Kan du finne
litt mat til meg?
Eg nikkar igjen. Eg hentar fram
ein tallerken og går inn på spiskammerset, hentar fram pålegg og mjølk. Mamma
set seg ved bordet.
Set deg, du Og, Isak.
Eg gjer det, sjølv om eg allereie
har ete.
Mamma smører brødskiva og et utan
pålegg. Det glinsar smør av leppene hennar.
Veit du korleis eg helst vil døy?
spør mamma plutseleg.
Eg ser på henne og ristar på
hovudet.
Aller helst vil eg berre slokne,
seier mamma og tygg.
Slokne? spør eg.»
«Han kom til bygda for omtrent eit
år sidan, då eg gjekk i fjerde klasse, og kvar gong eg ser han, så er han
aleine. Han er nesten slik som eg. Eg er også mykje aleine. For mamma vil ikkje
ha besøk. Ho vil at det skal vere henne og meg. Det er best slik, seier ho.»
Forlagets omtale av romanen:
«Heime gjer Isak alt for at mora
skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til
å skulke skulen.
På andre sida av skogen ligg
nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og
guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks.
Naboen har også ein kjærast med
langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli
ein ny familie for Isak? Vil dei det?
Kvar dag skal vi vere så modige
handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som
plutseleg bryr seg.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar