Viser innlegg med etiketten Bjørn Hatterud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bjørn Hatterud. Vis alle innlegg

7. sep. 2023

Blokka på Bjerke Tretten år i tredje etasje – enda en god bok fra Bjørn Hatterud

 


«Det kjennest som at blokka vil bli ståande att aleine no som eg har bestemt meg for å flytte. Eg veit det er tull, ho har einegga firlingblokker ved sida av seg og ei halvbrorblokk som ligg ved sida av. I kvar av dei fem høgblokkene er det 48 leilegheiter, og slik har det vore sidan den siste stod ferdig i 1962, året etter mi. I burettslaget er det 304 bustader, så leilegheita mi utgjer altså omtrent 0,33 prosent av bustadene her.

 

Blokkene har stått i meir enn seksti år, og eg har budd i ei av leilegheitene omtrent ein femtedel av levetida til blokka. Eg er berre ein parentes i historia om Bjerke. Men i mitt 45 år lange liv er dei tretten åra i blokka ein berebjelke og eit langt kapittel. Blokka er som ein ytre kropp, eit tomrom fylt av etasjeskilje og folk, møblar og kjensler, eit høgreist landskap i betong.»

 Etter å ha lest Mjøsa rundt med mor av Bjørn Hatterud tidligere i sommer, gledet jeg meg til å lese Blokka på Bjerke Tretten år i tredje etasje som ble utgitt i 2023.  Det ble innertier å lese den.

Underveis har jeg ofte tenkt at boka kunne vært innkjøpt og delt ut til de som sitter på Stortinget. I boka takker han oss om velger å lese boka. Jeg vil takke for at han har skrevet den. Og; på samme måte som Mjøstraktene er et kjent område for meg, er Groruddalen det samme. Jeg har ikke bodd Groruddalen. Men jeg har jobbet på nedre Grorud noen år, og har mange gode minner derfra og folkene jeg ble kjent med. Jeg har derfor ikke problemer med å forstå at man kan trives med å bo i en blokk på Bjerke.

 

"Å drive arkeologi i eige liv er ein ekstremt lite eksakt vitskap. Sjølvsagt veit eg kor eg var til dømes 11. september, 22. juli eller då pandemien braut ut. Men kva eg gjorde veka før eller dagane etter? Inga aning. Sjølvbiografiar skal ein aldri stole på, det er den mest spekulative forma for eventyr."

Forlagets omtale:


«I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.

 

På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.»



24. juni 2023

Mjøsa rundt med mor: ei livsreise av Bjørn Hatterud – gleder meg til å lese flere bøker av forfatteren

 


«Mor og eg har blitt einige om at vi startar turen rundt Mjøsa på Sjusjøen og ikkje frå barndomsheimen min i Veldre. Dette er praktisk, mor og far er mykje på hytta om sommaren. Dessutan er barndomsheimen og bygda rundt kjenslemessig ladde på ein heilt annan måte enn det hytta er. Barndomsheimar har ein lei tendens til å påkalle sentimentalitet og sterke kjensler. Lag ei liste over dei mest klisjéfylte tåreperser, og mesteparten handlar om barndomsheimen. Eg er ikkje mindre sentimental, eg.»

Bjørn Hatterud er kommet ut med en ny bok i 2023: Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje. Den gleder jeg meg til å lese etter endelig å ha lest Mjøsa rundt med mor: ei livsreise som ble utgitt i 2020.

Jeg tenker av og til på hvordan livet mitt hadde vært om vi ikke hadde flyttet fra Eidsvoll Verk og hit jeg bor nå, et såkalt sommerparadis i Østfold. Vi, det er vi begge to enige om, hadde ikke flyttet om det ikke hadde vært for tvangsbytte av arbeidssted for den annen part i husstanden, og da måtte «nissen være med på flyttelasset». Det er for meg ikke vanskelig å se for meg området Bjørn Hatterud beskriver i sin livs- og reiseskildring.

For Bjørn Hatterud var flyttingen fra Veldre en flukt:

«I sommar hadde eg budd vekke frå Mjøsa i 21 år. Eg var 21 år då eg flytta, eller nærast flykta. Det var ikkje så lett for ein funksjonshemma å stå fram som homo då eg gjekk på vidaregåande.

Usentimentalt og nøkternt forteller han om oppvekst og ungdomstid som ikke var enkel. Familien blir beskrevet med varme:

«Vi hadde absolutt alt då eg var unge, berre ikkje så mykje pengar. «

Bjørn Hatterud og moren har reist Mjøsa en gang tidligere, da var mormoren med. Kapitlet om livshistorien til mormoren er skrevet med klokskap som resten av boken.

Bjørn Hatterud skriver at han besøker familien ca en gang i måneden:

"Innimellom har eg drøymt om å bu nær familien, heimplassen og slektshistoria, på Hedemarken. Eg har sett for meg eit liv der eg faktisk ville klare å bu der.

I draumen bur eg i eit lite hus i ei bygd ved Mjøsa. Med kort bilavstand til mor og far. Eg tuslar rundt på tregolv, går til postkassa, og har kanskje ein liten kjøkkenhage. Ein kvardag i ein illusorisk bygdeharmoni der folk vinkar og seier hei, og der ting berre er godt. I ei bygd som minner om den eg sjølv voks opp i. Slik eg hugsar det i ettertid.

Min utopi er altså ikkje ei framtid i ein futuristisk storby, den er heller eit lite hus i ei lita bygd. Ein plass der eg kjenner harmoni. Der eg ikkje får vondt i kroppen om eg skal fylle bensin. Der eg har lykkast med å vere som dei andre. Friksjonsfritt.

Det er noko gammaldags over alt dette. Og personen i denne dagdraumen, er han eigentleg meg?"

 Forlagets omtale av boken:

«Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan.

I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden

Dette er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.»