31. mars 2024

Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten

 


«Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje? Det kjem ein siste gong du tar dotter di på skuldrene og ber ho gjennom skogen. Ein siste gong du går opp fjellsida og ser ut over det landskapet som er ditt eige. Ein siste gong du går på butikken for å kjøpe brød og mjølk og smør. Ein siste sommar. Eit siste bad. Han hadde flote på ryggen der borte i august, sett opp på ein blå himmel og nokre kvite skyer som var krita opp, han hadde sete på det varme svaberget, lukka auga og lytta til klukkinga frå fjorden.»

Romanen Den dagen Nils Vik døde, som ble utgitt i 2023 og som sitatet over er fra, er den første boken av Frode Grytten som jeg har lest. En veldig god roman er min oppsummering. 

Den stillferdige Nils Vik tenker ikke på at han har spilt noen stor rolle i samfunnet han har vært en del av. Hele livet har han levd på et sted i en vestlandsfjord. Han har livnært seg på å være skysskar på MB Marta. Eller motormann som han kaller seg.

«Han har laga dette vesle venterommet i tida for folk, ja, til og med sauar og geiter har han skyssa over. Allslags folk har pressa seg saman hos han, i nokre minutt, i nokre timar. Så har dei forsvunne i land, spreidd seg ut, desse som skulle til så mange ulike stader. Han fikk dei til byen, fikk dei til lege, fikk dei til prest og jordmor, fikk dei på skule og i gravferd. Båten til Nils var ein liten bit av tilværet deira, ein kort pause frå det daglege livet. For han var båten mykje meir, denne båten som blei ein livsveg. Båten hans styrte. her, dura og song og vogga, båten var ein satellitt, ein måne som sveiv rundt i fjorden.»

Men hva tenker Nils Vik om arbeidet:

«Kva har han lært av å stå her i styrehuset og ut? Å stire ut på øyer, stubbar, nes, isbrear, småbruk. bilvrak i hagane, dei gamle jordlappane, dei nye byggefelta, dette landet som reiser seg rett opp frå den djupe fjorden. Kva har han lært? Jo, dette er leksa frå kvar dag: Å komme seg opp halv seks om morgonen, komme seg ut på fjorden, stå her, og som no, sjå ei bleik og skrøpelig novembersol kjempe for å trenge gjennom skylaget, og seinare, om ho faktisk maktar det, sjå korleis sola fører tunga si over fjella. først på toppane, så i hellingane i vest, så over heile landskapet. Sollys på trea, sol på taka, skorsteinane, fuglane, vatnet. Han har lært at kvar einaste dag treffer lyset fjorden på ein ny måte, sjøen kan vere lys og gråaktig, eller sjøen kan mørkne ein vinterdag, bli svart som heimebrygga øl, ein morgon etsar sola seg inn i landskapet, får fjorden til å sjå ut som om han er av lettmetall, og ein augustmorgon blir himmelen lat og tilfreds mens sjøen får ei seig ro, ein januardag kan vinden piske og snitte kvite striper i ei vassflate, no og då blir sjøen irritert, han kastar opp skum og grøn galle. Men det skjer aldri på same vis, den same dagen kjem aldri to gongar. Det er bare denne siste dagen at dagane kjennest som éin. «

Men aller viktigst har kona Marta vært for Nils. Kona som er død. Helsa til Nils er dårlig, og denne dagen har han bestemt skal være den siste her på jorda. Han legger igjen en siste hilsen til døtrene før han forlater huset: 

«Nils snudde seg og strekte seg mot kjøkkenskuffen, fann ein penn og eit postkort. Motivet var av fjorden ein sommardag med solskin og kvite godvérsskyer over fjella. Med ustø hand skreiv han ei lita helsing tvers over himmelen. Han plasserte kortet inntil kaffikoppen. Kva ville jentene tenke når dei fann det kortet? Ville dei smile? Ville dei grine? Eg har reist frå dette huset, og eg kjem ikkje tilbake. Ta godt vare på kvarandre. Far.»

 

Forlaget omtaler romanen slik:

«I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert.

"Den dagen Nils Vik døde" er som ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som nå legg ut på si siste reise.»


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar