8. okt. 2023

Over land og hav Eit år med trekkfuglar av Brit Bildøen

 

«Eg henger ut meisebollar til småfuglane og matar skjorene i nabolaget med usalta peanøtter. Eg sluker historier om fuglar som flyg høgt og langt, ser gjerne fugleprogram på tv og har begynt å få ei ganske bra samling med fuglebøker. Eg frydar meg over nøttekråkene som kvar seinsommar kjem for å plukke kongler frå ei cembrafuru — eit slags pinjetre — i gata der vi bur, og som brukar ei veleigna kløft i vår eiga furu som nøtteknekkar. Eg lar det gjerne henge igjen litt eple i trea til sidensvansen, som kjem inn til byen i store flokkar om hausten for å meske seg i frukthagane. Kvart år er det like spennande å sjå kor mange ungar gråmåsen har klekt ut på stabburstaket ved sommarhuset vårt på Veiholmen. Men eg veit ikkje stort om desse fuglane som eg likar å betrakte. Korleis dei lever, kva dei lever av, kvar i verda dei er når eg ikkje ser og høyrer dei.»

Jeg kjenner meg igjen i Brit Bildøens beskrivelse av egen kompetanse i boken Over land og hav Eit år med trekkfuglar før hun startet sitt prosjekt som boken handler om. Det hun lærte deler hun med oss i boken. En bok som var verdt å lese. 

Forlagets omtale av boken:

«Fuglane lever tett på oss, men veit vi eigentleg så mykje om dei?

 

Vi har alltid drøymt om å vere fri som fuglen. Men fuglane er ikkje så frie som vi trur. Dei er sårbare, ikkje minst trekkfuglane som to gonger i året legg ut på lange og strabasiøse reiser over land og hav.

 

Brit Bildøen følgjer trekkfuglane gjennom eit år, og tar lesaren med på ei ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utanfor Tanger. Her kan du lese om franskmenn sin morbide lidenskap for songfuglen hortulan, om vipa som snart er borte frå Lista og om gråmåsen som kvart år hekkar på stabburstaket ved sommarhuset hennar på Veiholmen. Over land og hav er ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane som ventar når vi berre får auga opp for dei.»


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar