«Toget dunkar ut frå byen no, tidleg måndag morgon. Byen blinkar og blunkar og badar framleis i kunstig nattlys. Eg har ein stor, blå sekk som eg plasserer i lag med koffertar og bagar i enden av vogn 4, og finn plassen min, nummer 36.
Som oftast bur eg i denne byen, i ei høg blokk med utsikt ut overalt. Eg ser heilt til fjorden og fleire tusen hustak, eg ser litt skog. Men om natta blir alt forvandla til sprakande og lysande bråk. Ei sterk summing avbroten av bråare lydar. Det kunstige lyset ligg over alle dei store byane om natta. Lyset frå Oslo rekk 15—20 mil ut av byen i alle retningar. Det er vanskeleg å sjå stjernehimmelen ordentleg her. Det er umogleg å sjå Mjølkevegen.»
Vi er over på vintertid og klokka var bare 5.30 da jeg stod opp i dag. Skulle vært 6.30. Hørte fuglene kvitre i hagen. De slipper å bli forvirra av endringen. Mitt søvnmønster ødelegges. I tillegg til at jeg at det passer meg dårlig at det blir tidligere mørkt om ettermiddagen. Denne artikkelen, Snart skal klokka stilles tilbake - men hvorfor har vi fortsatt sommertid? forteller meg at det fortsatt kan ta tid før mitt ønske om samme tid hele året oppfylles.
Sigri Sandberg bok Mørke: stjerner, redsel og fem netter på Finse ble utgitt i 2019 og i boken er mange temaer rundt mørke omtalt. Men ikke temaet sommer- og vintertid. I tillegg forteller hun om oppholdet på Finse og litt fra den tiden hun bodde på Svalbard. Noen dikt er også med. Historien om Christiane Ritter som oppholdt seg på Svalbard og skrev bok om oppholdet, Eine Frau erlebt die Polarnacht, som har fått den norske tittelen Kvinne i Polarnatten. Noe av det hun skriver om Christiane.
«Christiane var overklassefrue frå Böhmen, som
på denne tida høyrde til staten Tsjekkoslovakia. Mannen hennar, Hermann Ritter,
var fangstmann på Svalbard, øygruppa som ligg midt mellom Nordpolen og
Fastlands-Noreg. Han prøvde å lokke ho nordover til Gråhuken nord på
Spitsbergen, som er den største øya. Eigentleg ville ho ikkje, ho hadde det
fint med kunstmålinga si, med dottera på fire år og venene sine, men mannen
skreiv eitt og to og tre brev, han skreiv: «Forlat alt der hjemme og kom til
meg i Arktis!»
Han skreiv at det var umogleg for han å klare
å skildre alt. Det evige lyset om sommaren. Det lange mørket om vinteren. Ho
måtte kome for å sjå alt dette sjølv. Til slutt lét ho seg overtale, pakka
sekken og drog av stad sommaren 1934. Ho hadde med seg bibel,
kamelhårsundertøy, tørka persille og målarsaker. Ho steig om bord i ein båt som
tok ho stadig lenger nordover og oppover kysten av Noreg. Til eit landskap som
vart stadig meir nakent, einsamt.”
For øvrig vet jeg ikke helt hva jeg synes om prosjektet med denne boken til Sigri Sandberg. Jeg likte boken Ro - om Sognefjorden og ein lang rotur heim, og hadde muligens for høy forventning til boken som jeg nå har lest. Derfor ble det en liten nedtur selv om temaene i boken er interessante nok.
Forlagets omtale av Mørke: stjerner, redsel og fem netter på Finse
«Har mørket blitt ein avgrensa ressurs? Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? ' Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?»

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar