7. feb. 2021

Tollak til Ingeborg av Tore Renberg, rett og slett en fantastisk god roman

 


«DET TAR sÅ LANG tid å komme overeins med seg sjølv.

Men så gjer ein det. Til slutt.

Ein dag står alt ein har gjort og alt ein har sett og alle ein har møtt, på rekke og rad framfor ein, og det er ryddig. Alt saman. Det vonde og det gode. Då veit ein at ein har komme overeins med seg sjølv.

Slik er det for meg no.

Dei svarte hundane kan komme.

Gjer meg ingenting.

Eg legg innpå ein kubbe til.

Flaska står i skapet.

Snart ser eg dei oppe i svingane. Ho Hillevi og han Jan Vidar.

Eg skal snakke. Oddo.»

 

Jeg har gledet meg til å romanen Tollak til Ingeborg av Tore Renberg utgitt i 2020  som har fått svært gode anmeldelser. Jeg jeg har stått lenge i kø for å låne eksemplaret jeg har lest, og ble overrasket over hvor tynn den var. Jeg leste den i løpet av noen timer i dag. Fantastisk god roman. Sitatet over er fra nåtid, Tollak venter på barna sine. Hva han skal fortelle får vi vite midtveis i romanen.

Bokklubben presenterer romanen slik:

«Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at han har gjort ting på sin eigen måte. Alle veit kva han gjorde med dei gutane. Alle veit at ungane hans ikke kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans, Ingeborg. Men det er noko folk ikkje veit.                              Det er på tide å fortelje.»

Jeg skal ikke avsløre mer av handlingen om denne sinte mannen som tida har gått ifra, og avslutter med et sitat der dette beskrives slik: 

«EG HØYRER FORTIDA TIL.

Den tida vi lever i no, ho er ikkje mi. Det var ikkje her eg blei fødd. Det var ikkje her eg blei skapt. Det var ikkje dette eg lærte.

Eg merka det med ein gong eg såg henne komme. Her blir det vondt å vere. Og slik blei det. Den nye tida vrikka på hoftene, skapte seg til framfor auga mine, skapte seg til som om ho var full, med blenkande tilbod eg ikkje var det grann interessert i. Ho valsa inn og baud seg fram, kom med ting eg aldri hadde bedt om å få, spurde aldri om eg trong det ho kom med. Det gjorde eg slett ikkje. Eg hadde mitt. Jorda, nevane, arbeidet, Ingeborg. Eg klaga aldri. Men den nye tida gav seg ikkje. Ho skulle forandre alt vi hadde, alt skulle gå i ein jagande fart, ho hadde ingen respekt for det som var gammalt. For det som var mitt.

Den nye tida spurde ikkje om lov. Ho tvinga seg på livsmåten vi har her oppe i dalen. Tvinga seg inn i stova, inn på soverommet, ned i kjeften og inn i kroppen. Og slik held ho på, dag ut, dag inn. Ho tar ikkje omsyn til meg og mitt, og eg liker ikkje ganglaget hennar. Eg liker ikkje ansiktet hennar. Eg liker ikkje lyden hennar, lukta hennar.

Vi har inga interesse av kvarandre.

Ho er grim, synest eg. Eg er grim, synest ho.

Eg vende den nye tida ryggen for lenge sidan. Eg heldt meg her oppe i dalen, med Ingeborg, med saga, med markene og fjella, med hendene mine, med øksa, og no kjem slutten.»

 


3 kommentarer:

  1. Jeg blir like lykkelig hver gang noen trykker Tollak til sitt bryst. Etter min mening Renbergs beste roman så langt. Sitatene dine er gull :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Helt klart den beste boken jeg har lest av Renberg. Kan ikke huske sist en bok som jeg har levd meg sånn inn i. Tror det blir en bok som kan leve lenge i meg. Spent på diskusjonene i P2 lytternes romanpris på slutten av måneden.

      Slett
    2. Ahh.. Takk for tipset. Skal prøve å få med meg!

      Slett