29. aug. 2023

Just kids av Patti Smith



 

«Det var sommaren da Coltrane døydde. Sommaren med «Chrystal Ship». Blomsterbarna heva dei nakne armane sine, og Kina sprengde  ei hydrogenbombe. Jimi Hendrix sette fyr på gitaren sin i Monterey. Radioen spelte «Ode to Billie Joe». Det var opprør i Newark, i Milwaukee og i Detroit. Det var sommaren med Elvira Madigan, kjærleikssommaren. Og i denne skiftande, ugjestmilde atmosfæren skulle eit tilfeldig møte endre retninga på livet mitt.

 

Det var sommaren da eg møtte Robert Mapplethorpe.»



I og med at jeg ikke har hatt noe spesielt forhold til musikken til Patti Smith, har omtaler av boken hennes Just Kids ikke festet seg. Før jeg hørte artisten Malin Pettersen fortelle om sitt forhold til boken her i Deichman litteratur sin podcast serie Utlånt til:


«Da pandemien kom måtte Malin Pettersen reise hjem fra USA og legge alle planer på hylla. Hva skulle hun gjøre nå? ‘Just Kids’ av musiker og kunstner Patti Smith ble en god venn under nedstengingen, og overbeviste henne om å fortsette å satse på kunstnerkarrieren.»

 Malin Pettersen har lest originalen (2010). Jeg har lest boken oversatt av Brit Bildøen (2012). Selv om jeg ikke fant boken like interessant som Malin Pettersen, ser jeg helt klart dens kvaliteter. Samtidig stiller jeg meg spørsmålet om Robert Mapplethorpe kunne funnet veien til kunsten på en enklere måte dersom han ikke hadde dopet seg slik han gjorde. Heldigvis fulgte ikke Patti Smith hans linje hva angår bruk av narkotika, og har gitt oss dette tidsbildet på en så ærlig måte.

 Bokens tittel er hentet fra denne hendelsen:  

 

«Ein varm seinsommardag kledde vi oss i favorittplagga vår— eg i mine beatniksandalar og med lurvete halstørkle, Robert i hippieperlene og saueskinnsvesten sin. Vi tok undergrunnen ti West Fourth Street og tilbringa ettermiddagen på Washington Square. Vi delte kaffi frå ein termos og såg på straumen av turistar, narkovrak og gatesongarar. Hissige aktivistar delte ut løpesetlar mot krig. Sjakkspelarar tiltrekte seg sin eigen tilskodarskare. Alle sameksisterte i ein vedvarande dur av verbale utfall, bongotrommer og bjeffande hundar.

 

Vi var på veg mot fontena som låg i sentrum for all aktiviteten, da eit eldre par stoppa og glodde openlyst på oss. Robert likte å bli lagd merke til, så han klemde handa mi ømt.

 

«Å, ta bilde av dei,» sa kvinna til den lattermilde ektemannen.

(Eg trur dei må vere kunstnarar.»

 

(Å, gi deg,» sa han og trekte på skuldrene. «Dei er berre ungar. Just kids.»

 Forlagets omtale av boken til Patti Smith: 

«Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max’s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel.

 Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til hennar elska venn Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.»

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar