13. okt. 2019

Når landet mørknar av Tore Kvæven – en roman med mange kvaliteter




«Grønland, den mektige polarøya lenger vest i havet, var lenge ukjent, men så trådte Eirik Raude frem. Han kom fra Jæren. Sammen med sin far utvandret han til Island og slo seg til der, men etter en tid røk han uklar med mektige slekter. Det endte med at han ble dømt fredløs og måtte flykte fra landet. Han seilte vestover havet, oppdaget Grønland og organiserte en ekspedisjon av utvandrere som slo seg til på vestkysten av det nye landet. Dette samfunnet på 

Grønland skulle vokse og bestå i ca 500 år for så gåtefullt å forsvinne.

Som en naturlig følge av den gradvise norrøne ekspansjon vestover Atlanderhavet hendte det så at Leiv Eiriksson omkring år 1000 e.Kr. seilte til havs fra gården Brattalid på Grønland og oppdaget Amerika. Vestervegen var fulgt helt frem.»

Sitatet er fra boken jeg skrev om i innlegget:

Romanen til Tore Kvæven Der landet mørknar vant Brageprisen 2018, og den begeistret kritikerne, ikke minst for hans skildring av dyr og natur. Handlingen er lagt til de norrøne bosetningene på Grønland, derfor sitatet fra boken over. Er du nysgjerrig på romanen, anbefaler jeg denne episoden fra NRK bok;


Jeg har lest flere bøker av Helge Ingstad, bl a Øst for den store bre, om Ingstads opphold på Grønland. Hans beskrivelse av dyr og natur skapte så klare bilder, det samme gjør Kvæven i romanen Når landet mørknar. Samtidig er boken mer enn dette. Den er spennende fra første til siste side. I tillegg er den interessant, og jeg får lyst til å lese flere bøker om den tiden denne historien er lagt. Jeg vet at jeg har likt en bok når jeg tenker at den kunne jeg ønsket var blitt filmatisert. I dette tilfellet med Arnar og Eir i hovedrollen. Arnar med en fremdrift som jeg liker å lese om. Han som på slutten av romanen sier til Eir:

«Høyr Eir. Dei fleste av dei vala ein får i livet, er så små at dei knapt set merke etter seg. Men der finst blant dei somme som er større. Og sviktar ein der, så blir alt verdilaust, alt det andre ein stod for.»

Fra begynnelsen av romanen:

«Dei er fem jegerar som ror i den same takta. For kvart åretak, og for kvar gong dei bøyer seg mot mannen på neste tofte, kjenner teinæringen kreftene deira renna gjennom seg. Og kvast kløyver han dønningane. Vatnet freser han om baugen. Ein gong var han Vesterbygdas vakraste båt.

Det er ein ung gut som ror på den tredje tofta. Ein lyshåra yngling med lange armar og med hender som enno manglar tyngda og breidda til dei vaksne sine nevar. Men han kan ro. Han ror sa tollepinnane knakar. Lange, smidige tak. Og der åreblada hans vrir seg fri og slepper vatnet, der dansar kvervlane hans like ilskt i fjordens grøne hinne som kvervlane bak dei vaksne sine drag. Han kjenner armane gløda, som er dei allereie sterke som svardreip, som reipa laga av kvalrossen sine skinn.

Han er 15 år, og han ror i si fyrste kvalrossjakt.

Andletet hans er lytefritt og mildt, mest som hos ei ung jente. Mest som om landet som har fostra han, enno ikkje skulle ha herda han. Som skulle det ha kome til at det ville venta. Ein ung jeger fra ein av Vesterbygdas fjelldalar. I ny og ne kastar han eit blikk over den eine eller andre skuldra, men enno er ikkje kvalrossen å sjå.

Der er eit framtidas smil i auga til guten. Han trur alt ligg framfor han, og at enno har han berre opplevd byrjinga. Han trur at kvalrossjaktene ein dag også skal føra han i fordoms kjølvatn til Nordsetrs strender.

Men båten han ror, er som eit gråkvitt skrømt og som ei beingrind. Hudborda som ein gong var sa oljeblanke at lyset spegla seg i dei, er utmagra og grå. Herja av tidene som har kome. Av styrken som ein gong fanst i skroget, er no ikkje anna enn trassen og minna att.
Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.»

Forlagets omtale av romanen:

«Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.

I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider?

Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.»

Lenge før Arnar møter Eir igjen, har han funnet stedet han ønsker å bygge gården sin. Han er som Håvard Hedde, han vil «rydja seg ein gard, innerst i Jøkuldal, ved breen. Faren Vilhjalm er ikke enig. Men Arnar han drar til Himin-Gorm, høvdingen, for å få tillatelse. Men han får avslag:

«- Nei, du, der inne skal du ikkje dyrka, og heller ingen annan stad. Du skal reisa heim, og du skal veksa til , og kan henda, om du veks brukande til , så skal me talast att. Her finst utgardar som står  tomme i heiane. Eg eig dei alle. Det hender eg gjev folk ein gard. Viss eg har god tru på dei. Viss eg trur dei kan koma meg til nytte ein dag. Men det hender også at eg ikkje gjev dei ein gard. Hadde elles andre ærend?

Ordlaus stira Arnar på han. At Himin-Gorm eigde eit stridig sinn, hadde han ofte nok høyrt. Men at dette skulle koma i vegen den kursen han sjølv ville staka seg ut, hadde ikkje falle han inn. I den verda der han hadde levd, og i dei draumane han hadde skapt, hadde framtida lege open for han, og enno hadde han ikkje forstått at draumar kan vera av luft og menneske av fjell.»

Ikke lenge etter får Arnar en anledning til å hevne seg på Himin-Gorm. Bergfinn vil flytte fra Vesterbygd med familien. Det er dårlige tider. Særlig for de som bor ved fjorden der Bergfinn har gård. Men han trenger tømmer til å reparere skipet for seilasen til Austerbygd, derfra er håpet å bli med et havgående skip til Island eller Norge.  Arnar har kort tid før funnet drivtømmer, en stor stokk. Men dette sier han ikke da Bergfinn er innom Dyrdal på veien til Himin-Gorm. Arnar ber om få bli med. Under forhandlingene med Himin-Gorm  tilbyr Bergfinn gården med beitemarken og den delen av buskapen, sauer og hester, som de ikke skal ta med seg på seilasen, for tømmer. Men Himin-Gorm er ikke interessert. Det er da Arnar kommer med sitt tilbud til Bergfinn. I bytte for gården Audvinstad kan Bergfinn få stokken. I tillegg skal Arnar hjelpe han med skipet. Berfinn takker ja. Himin-Gorm er rasende

«Himin-Gorm reiste seg for bordenden:
— Ja vel, Arnar fra Dyradal, så er det fjordmann det skal bli av deg. Ein ynkeleg fjordmann.

Arnar svara:
— Sist eg sat her, greidde du hindra meg frå å driva min eigen gard. Vanskeleg kan eg sjå at du skal greia det denne gongen.

Da lente Himin-Gorm seg fram, knokane kvitnande mot bordplata, og i røysta hans fanst eit håst fastlenka raseri, som kvart augeblikk truga med å slita seg laust:
— Du skal rida herifra, Arnar! Og raskt! Raskt skal du rida!

Arnar nikka og reiste seg, og medan også Bergfinn og dei to andre kom seg på føtene, sa farvel og gjekk med han ut, ut gjennom skume gangar og ut i dagen, høyrde Arnar livet nynna i seg. Som han hadde høyrt det den gongen han fann stokken, og som han hadde høyrt den gongen han møtte kvalrossen sitt blåbleike blikk.»

Under byggingen av båten, møtes Arnar og Eir igjen:
«Hesten under jenta var raudbrun og lettbeint, mana var fletta til ti-tolv korte reip. Ein velstelt og frisk hest under ei jente som reid som ei valkyrje. Sjølv var ho kledd i ein lang, grå kledning, av form som ein stakk eller ein kjole og med gylne mønster, og i ei raud trøye som rakk ho til nedanfor livet. Håret hennar var samla i ei tjukk flette i nakken.

Enno var avstanden mellom dei så stor at travet til hesten var utan lyd. Ho gjorde eit sveip opp ein rinde og vende attende til stranda, og da ho igjen snudde seg mot dei, visste Arnar kven ho var. Han sag blikket hennar glitra, og ho var ikkje til å ta feil av.

Bergfinn hadde spurt han om noko, men han hadde ikkje fått det med seg. No dunka Bergfinn han i kneet og spurde på nytt:
- Kva stirar du etter, Arnar?

Dei to huskarane pa toftene fremst humra godmodig, og Bergfinn sa:
- Den beste garden i Agnafjord har han fått og kort veg til Vesterbygdas finaste jente. Alt for ein stokk drivtømmer.»

Dette er starten på Arnar og Eirs kjærlighetshistorie som er som en rød tråd i romanen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar