14. mars 2018

Land ingen har sett av Edvard Hoem


Jeg leste bok nummer to i serien så langt tilbake som juli 2016. Allikevel var det rimelig enkelt å ta opp tråden fra de to foregående bøkene Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien. I romanen Landet ingen har sett utgitt i 2016, en bok jeg har kjøpt, fortsetter Edvard Hoem fortellingen om de som reiste over Atlanteren og de som ble i Norge. I denne romanen dør søstrene Gjertine og Serianne, Gjertine i USA og Serianne i Norge.  

«Ho åt nistematen sin og drakk vatn fra den store flaska
ho hadde med seg. Denne reisa var lang, men ingen ting mot
den reisa ho hadde lagt ut på saman med Ole Aas i ungdommen,
da dei forlet Norge den 2. juni 1886 for å finne ein
heim i den nye verda. Det var ho som hadde insistert på at
dei skulle reise, enda det var han som hadde familie i Sør-
Dakota. Ho kunne ikkje lenger minnast kvifor ho ikkje var
i stand til å slå seg til ro på Slutåsen. Det var rett nok langt
til skogs og høgt til fjells, og det var vanskeleg å få kornet
mogent der, anten ein sådde bygg eller havre. Men det var
også fritt, og med eit utsyn mot fjell og fjord og vesthimlar
som var sjeldsynt, sjølv i det vakre Norge. Alle som kom dit,
sa at vakrare utsyn hadde dei ikkje sett.»

Det er Gjertine som er på reise til sønnen Severt som har flyttet sammen med familien sin fra Sør-Dakota til sørlige Alberta i Canada, der de er blitt britiske statsborgere. Det er ikke god jord igjen i Sør-Dakota. Selv om sønnen forsøker å overbevise moren om at det er et bra sted å bo, kan hun se noe annet ved selvsyn:

«Ho stod på ein måte på endestasjonen. Her enda i alle fall draumen for Severt. Dåpen i Vågøy kyrkje den mørke aprildagen i 1882, den gongen det vart aust vatn på han som da heitte Sivert, kom til henne som klare minne i Ravenscrag, da Severt og Clara hadde tent parafinlampene i det vesle skuret og gjekk for å mjølke kyrne. Ho såg for sitt indre blikk syster si Anne-Martha, som den gongen var i slutten av tjueåra, men som no var ei gammal kvinne lik henne sjølv, enke og fattig, og Erik og Anne, som også hadde vore fadrar for Severt, og som no begge nærma seg dei sytti. Den aprildagen i Vågøy kyrkje låg langt tilbake i tida, men Gjertine visste og vedgjekk det som alle hadde forstått: Det var ho som hadde valt på vegner av alle. Ho hadde fått Ole til å gå med på å reise, og barna hadde ho sjølvsagt ikkje spurt, dei tok ikkje del i slike avgjerder, dei måtte bli med på den ferda som foreldra hadde lagt ut på, og den var lang. Det var hennar skuld at Severt var hamna her, og spørsmålet var da enkelt: Hadde ho valt rett? Var det dette ho hadde sett som ei framtid for den eldste son sin?»

Som de andre bøkene jeg har lest av Edvard Hoem, gjorde romanen Landet ingen har sett inntrykk å lese. En roman med en blanding av fakta og fiksjon. Og aller mest inntrykk gjorde historien der Gjertine besøker sønnen sin. Det er da en forstår hvor endelig mange av de valgene emigrantene tok for livet sitt var. Hvor mye slit det var å bygge seg opp en tilværelse av ingenting. 410 sider god leseopplevelse ble romanen for meg, og jeg ser frem til å lese den neste romanen i serien: Liv andre har levd.


Brørne Eilert og Anton Edvard sender brev til kvarandre over Atlanteren eit par gonger i året. Dei arbeider hardt for å bli gjeldfrie. Ute i verda rasar den første verdskrigen, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten.

I Romsdal driv Anton Edvard ein gard som er for liten til å dekke utgiftene hans. Om vinteren er han med på fisket frå fiskeværet Bjørnsund, det er eit nådelaust slit som kan gi stor forteneste. På Alberta-prærien blir Eilert tvinga til å dyrke opp eit stadig større område for å auke kveiteproduksjonen da prisane fell ved krigens slutt. Den etter kvart store familien til Eilert blir råka av ei ulykke som snur opp ned på alt.

Den opprørske Gjertine kjem til eit vegskilje i livet og legg ut på si siste store reise til Ravenscrag i Saskatchewan. I Molde blir systera Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med slåttekaren som om han framleis var i live.

Land ingen har sett er den tredje romanen i den store krøniken om Knut Hansen Nesje og slekta hans. Med poetisk kraft levandegjer Edvard Hoem historia om dei eventyrlystne menneska som reiste over Atlanteren for å bygge eit nytt samfunn, og dei hardt arbeidande menneska som valde å bli heime for å skapa framgang og betre tider på Norges jord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar