Marit Eikemo skriver gode
samtidsromaner. Jeg har lest to av romanene tidligere. Nå har jeg lest Team
Tuva som ble utgitt i 2021.
«Mens Terje les teksten, har Tuva reist seg frå stolen
og stilt seg ved vindauget. Terje ser opp frå mobilen til Johannes, og med eit
nakent blikk stirer han ut i rommet.
Er det ikkje litt . . . ekstremt, seier han.
Det er ikkje noko meir ekstremt enn Jahn Teigen, seier
Tuva.
Men mor elska Jahn Teigen, ho
elska ikkje Gud! No offence, presten, seier Terje, men det var ikkje sånn at ho
«lengta til Guds stad», som det står i denne teksten.
Johannes held hendene avvæpnande framføre seg, for å
seie alt i orden, eg blir ikkje fornærma.
Det er ein sterk tekst, medgir han.
«Jordi eig ei den ro eg søkjer», seier Tuva: Det finst
vel knapt ei strofe som seier meir om vår familie. Det har ikkje vore ein roleg
augneblink for nokon av oss.
Kva seier du? Terje ser sjokkert på henne.
Det var ingen som ville ha kvarandre i denne familien!
Mor ville ha far, men far ville ikkje ha mor. Du ville ha mor, men mor var
berre sint på far. Eg ville til far, men far ville heller døy. Og mens eg
prøvde å riste liv i far så lenge han levde, og du prøvde å dempe raseriet til
mor, har eg og du skrive kvar vår historie om denne familien. Vi har ikkje
lenger den same barndommen, vi har ikkje den same mora eller den same faren, og
no forstår vi ikkje kvarandre lenger. Det er ein lengsel i denne songen som
iallfall eg finn trøyst i, seier Tuva og gjentar «eg lengtar til Guds stad, der
slutter sorgi, der turkast tåra, der ingen meir vert lagt død på båra».
For noko tull! Du høyrde sjølv kva Terje sa, han kjem
til å kaste alt.
Men du må jo ha det sjølv!
Eg har eit heilt likt heime, eg kjøpte det for mange år
sidan. Det er eit av dei fine minna eg har av mamma, når eg og ho sat på
kjøkkenet og åt frukost eller kvelds frå dette serviset.
Hugsar du kva de snakka om?
Vi snakka nesten alltid om Disney-filmar. Det var den
store lidenskapen hennar. Å?
Ja, ho kunne gått opp i kvitt eller dobbelt i Disney.
Johannes må le, folk sluttar aldri å overraske. Tuva
sluttar seg til latteren hans, og han kjenner korleis floken frå tidlegare
løyser seg opp.
Kva var favorittfilmen hennar?
Utan tvil Lady og landstrykaren, seier Tuva og tørkar
nokre lattertårer.
Men du vil ikkje ha det autentiske serviset sjølv, det
som du og mor di faktisk åt og drakk av?
Nei, det betyr ingenting, seier Tuva.
På ein augneblink har ho funne ein pose og pakka alt
saman ned, rutinert og effektivt.
Åtte koppar, åtte tefat og åtte frukosttallerkar og åtte eggeglas. Figgjo-design av ypparste merke: Daisy. Ver så god! seier ho og rekker posen fram mot han på strake armer. «
Forlagets omtale:
«Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg
alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig
irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller
avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle.
Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar:
fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren
og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å
forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho
forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen?
«Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar
kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av
fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar