«Han snur seg og ser på ho med open munn. Augo hans er heilt mørke,
mørkeblåe.
Hjerkinn!
Kifor vil du til Hjerkinn?
Eg trur det
kunne ha vore bra for meg.
Å? Korleis
da?
Ho heiser
på akslene. Svarar ikkje.
Ho har kanskje møtt
mannen i livet sitt, likevel vurderer ho å flytta bort frå han, utan eingong å
koma opp med ei ordentleg forklaring.
Ho kunne ha
sagt at ho er like sky som villreinen, ho følgjer dei lette stega til flokken,
flyt bortover i eit jamt driv langs høgdedraga, følgjer terrenget som gjev
minst motstand. Så snart dyra verar noko ukjent, ei uvand lukt, vender dei seg
og spring, spring så fort dei evnar, søkjer tilflukt i ulendt terreng, bruker
det som kamuflasje. Det er mange år sidan Ragna har vore i ein konfrontasjon.»
Jeg har tidligere lest diktsamlingen til Guri Sørumgård Botheim som jeg skrev om i innlegget:
Diktsamling:
Heime mellom istidene - Guri Sørumgård Botheim.
Jeg likte diktsamlingen, og det samme gjelder
romanen Høgfjellsmeldinga som ble utgitt i 2023. Romanens hovedtema er
naturvern, et tidsaktuelt tema som jeg opptatt av. Jeg likte hovedpersonen Ragna.
Hun er både tøff og sårbar. Det var et fint driv i romanen, og tidvis var den
spennende. Romanen som jeg ble tipset om gjennom bokprogrammet Åpen bok
var verdt å bruke lesetid på.
Forlagets omtale av romanen:
«Ragna Svae får
jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho
flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho
starte eit nytt liv.
Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om
villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok
eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med
politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og
lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei
anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin
eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige
arbeidsmetodar sjølv heller.
Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt.
Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek
tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.
"Høgfjellsmeldinga" er ein poetisk pageturner om
kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og
usynlege drivkrefter.»
Denne boken fikk jeg lyst til å lese! Interessante problemstillinger og tema, både naturvern og hovedpersonens fortid som hun må møte :)
SvarSlettSå bra, den fortjener lesere. Jeg er dessverre redd for at den får færre lesere pga at mange ikke vil lese bøker på nynorsk. Det er synd. Jeg var ikke spesielt glad for nynorsk da jeg gikk på skolen. Selv om jeg snakker dialekt. Men det var fordi jeg synes vi hadde mange nok fag å konsentrere oss om. Nå er jeg glad for det. Jeg har lest utrolig mange gode bøker skrevet på nynorsk.
SlettNynorsk går greit, ofte gir det en fin atmosfære til historien :)
Slett