28. okt. 2015

Dikt av Olav H. Hauge - Når det kjem til stykket

Privat foto

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykke, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.

Sitat fra Kritikarboka av Atle Christiansen: 

"Eg tar med eit Hauge dikt for å vise kor banal-basalt en god poet kan skrive når han ikkje gjer seg til, men let jåleri vere jåleri, og heller går rett inn i eldgamle klisjear som hjartekunnskap som han gjorde til en krystallklar bodskap om rett levevis.

Diktaren taler ikkje om visdom, men om kunnskap og lærdom. Visdommen trer ikkje i kraft før han har vore innom hjartet. Det er så banalt at det ikkje er til å tru, men snur ein seg bort frå slike klartalte sanningar om hjartet, vender ein seg samtidig mot noko anna. Trollet er blitt troll fordi det har mista hjartet sitt. "

1 kommentar: